Laurdagsmatiné på kongens bursdag

VERTSKAP: Kantor i Spjelkavik Kyrkje, Magnus Kløften er vertsakap på laurdag og spelar på flygelet. Foto: SPJELKAVIK KYRKJE

Spjelkavik kyrkje startar ein serie med den første av ein serie lørdagsmatinéar på lørdag. Og det på kongens 89 årsdag.

SE BILDESERIE ØVERST.


PRESSEMELDING


Spjelkavika.no

“Kan hende kongens bursdag blir markert på eit vis”
Magnus Kløften – Kantor Spjelkavik Kyrkje

Laurdag 21. februar er det duka for musikalsk matiné i Spjelkavik kyrkje.

Stemning

Det blir ei stemningsfull stund med tonar ledsaga av nokre ord i form av vers og dikt.

Gjestande aktørar er Erling Skorpen på trompet og Audun Skorgen på bass.

Desse spelar i lag med organist Magnus Kløften, for anledninga på flygel.

(Saken fortsetter under bildet):
ERLING SKORPEN:  Erling Skorpen vaks opp på Lerstad og dirigerer Lerstad skolekorps. Han spelar i kyrkja under laurdagsmatineen. Foto: FRIDGEIR WALDERHAUG / spjelkavika.no

Gjesteaktørar

Begge gjesteaktørar er røynde jazzmusikarar, og repertoaret og det musikalske uttrykket speglar dette.

Erling Skorpen, som vaks opp på Lerstad, er utdanna frå Griegakademiet, Norges Musikkhøgskole og Jazz-Institutt Berlin.

Han underviser, dirigerer Lerstad korps, og er aktiv i jazzkvintetten Baker Hansen, og bidrar ellers aktivt i Ålesunds jazzmiljø. I ei periode av livet var han óg busett i Stocholm.

Skorgofon

Audun Skorgen er utdanna ved jazzlinja/NTNU, med mastereksamen derifrå i 2023 med fokus på det sjølbygde, 18-strengars instrumentet Skorgofon.

Patentet er han åleine om her til lands, og det er eit konsept han har utvikla sidan 2008. Han omtalar instrumentet som eit medium med eksepsjonelt potensiale, og det må verkeleg sjåast og opplevast for å koma til sin rett!

Han kan for øvrig visa til konserterande verksemd med

musikarar frå Anne Grete Preus og Ola Bremnes til The Brass Brothers.

(Saken fortsetter under bildet):
AUDUN SKORGEN:  Audun spelar på sin eige patent på laurdag. Skorgofon.

Kongens bursdag

Matinéen 21. februar er den fyrste i ein serie med laurdagsmatinéar i

Spjelkavik kyrkje dette året.

Den oppmerksame veit også at det er kongens bursdag, og kven veit; kan hende blir det markert på det eine eller andre viset?

Arrangementet har fritt tilgjenge.

Merket: