KANTOR OG GJEST: Kantor ved Spjelkavik kyrkje, Magnus Kløften har med seg bassist Harald Løkeland som gjest neste lørdag. Da er det igjen matiné i kirka. Foto: SPJELKAVIK KYRKJE
Neste laurdag er det klart for ny matiné i Spjelkavik kyrkje der Magnus Kløften har fått med seg Harald Løkeland som gjest.
PRESSEMELDING
![]()
“Harald inspirerar nye generasjonar musikarar”
Magnus Kløften – Kantor Spjelkavik kyrkje
Laurdag 21.03. er det klart for den andre i rekka av matinéar i Spjelkavik kyrkje.
Bassgjest
Kantor Magnus Kløften, for anledninga på flygel, har fått med seg bassist Harald Løkeland, som er busett i Førde. Dei 2 har kjent kvarandre i over 20 år, og har spelt i lag ved fleire høve opp gjennom åra, mellom anna ved korkonsertar, i kulturhus, og i fleire kyrkjerom.
Harald Løkeland vaks opp i Dale i Sunnfjord. Han arbeidar for tida heiltid ved kulturskulen i Sunnfjord. Si utdanning har han, mellom anna, frå Universitetet i Oslo. Som freelance-utøvar er Harald mykje etterspurd i sin region, og har gjennom karriera opptrådt med artistar som Jan Eggum, Olav Stedje og den danske gitaristen Søren Reiff. I kvardagen inspirerar han nye generasjonar av musikarar gjennom si undervisningsstilling.
(Saken fortsetter under bildet):
BASSIST:Harald Løkeland er bassist og gjest når det er ny matiné i Spjelkavik kyrkje lørdag 21. mars. Foto: SPJELKAVIK KYRKJE / PRIVAT
Kantor Magnus
Magnus Kløften er for tida kantor i Spjelkavik kyrkje, der han er del av det rike sang- og musikklivet i kyrkjelyden.
Han starta med undervisning på orgel som 7-åring, og utanom den daglege tenesta som kyrkjemusikar, har han óg stor interesse for jazz, og komponerar og arrangerar musikk for ei rekke ulike besetningar, frå kor og janitsjarkorps til fiolin, trompet, klaver og orgel.
Variert og gratis
Matinéen har fritt tilgjenge, og på repertoaret finn me spennande arrangement og kjende tonar frå både jazz-, vise- og folketonetradisjonen. Kan hende det óg vankar nokre eigne komposisjonar bland musikken folk får oppleva her!
Alle er hjarteleg velkomne til ei inspirerande musikkoppleving denne laurdag føremiddagen!

























