Sommeraktiviteter for hele familien

FOR HELE FAMILIEN: På Kjeldsund blir det aktiviteter for hele familien. Hva med opplæring i kajakk i august? Foto: Sunnmøre friluftsråd.

Sunnmøre friluftsråd inviterer til ein aktiv sommar med opplevingar for ungdom, familiar og friluftsinteresserte i alle aldrar.


PRESSEMELDING


Spjelkavika.no

“Målet er fleire gode naturopplevingar”
Christer Lundberg Nes – Fagleiar Sunnmøre friluftsråd

Frå coasteering og ungdomsleir til familiecamp med kajakk og turinspirasjon gjennom Stikk UT!, ligg alt til rette for ein innhaldsrik sommar i naturen, skriv Sunnmøre friluftsår i ei pressemelding.

– Målet er å gi fleire gode naturopplevingar og senke terskelen for å vere aktive ute. Vi ønskjer å skape møteplassar der folk kan lære nye aktivitetar, bli kjend med nærområdet sitt og oppleve friluftsglede saman, seier Christer Lundberg Nes, fagleiar for aktivitet i Sunnmøre friluftsråd.

(Saken fortsetter under bildet):
COASTEERING:Bli med på coasteering langs Langevågsholmane. En spennende og populær aktivitet for ungdom mellom 14. og 18. år. Foto Sunnmøre friluftsråd.

Coasteering

Sommaren startar med den populære coasteering-aktiviteten i Langevåg søndag 21. juni. Med våtdrakt, flytevest og hjelm utforskar vi Langevågsholmane på ein ny og spennande måte!

– Her får ungdom mellom 14 og 18 år oppleve skjergarden frå sjøsida, med svømming mellom øyar, utforsking av skjulte perler og moglegheit til å hoppe frå berg, fortel Lundberg Nes.

Arrangementet er gratis, men krev påmelding.

Ungdomsleir

7.–9. august arrangerer friluftsrådet ungdomsleir på Rjånes i Ørsta. Med base ved badestranda blir det dagar fylt med bading, fisking, SUP-padling, leik og friluftsaktivitetar. Det blir felles måltid, mogleg båttur til Raudøya og fjelltur i området. Leiren er open for ungdom mellom 13 og 17 år og kostar 300 kroner per deltakar. Ved behov blir det organisert transport frå Volda og Ørsta.

(Saken fortsetter under bildet):
PADLEMORO:Bli med på padlecamp på Kjellsund. En aktivitet for hele familien. Foto: Sunnmøre friluftsråd.

Padlecamp

Sommarprogrammet blir avslutta med familiecamp på Kjeldsund 15.–16. august. Her får familiar lære å padle kajakk saman, med overnatting og måltid inkludert.

– Kajakkopplæringa er tilpassa både vaksne og barn, og deltakarane får introduksjonskurs etter Våttkortstigen til Norges Padleforbund, fortel Lundberg Nes.

Campen er gratis for barn og ungdom under 18 år, medan vaksne betaler 1500 kroner.

Påmelding til aktivitetane og kursa gjer ein på nettstaden til Sunnmøre friluftsråd.

Stikk UT!

Samtidig oppmodar friluftsrådet folk til å utforske regionen gjennom Stikk UT!. Både appen og nettsida til Stikk UT! inneheld mange turtips med gode turskildringar.

– Ei rekkje turmål står klare for registrering, og med Stikk UT! er det gode høve til å vise fram Sunnmøre til både slekt, vener og feriegjestar, seier Lundberg Nes.

For dei som ønskjer fleire turtips, peikar friluftsrådet på Vestkystparken.no. Her finn ein oversikt over badeplassar, gapahukar og friluftsområde langs heile vestlandskysten. Gode søkefunksjonar gjer det enkelt å planleggje sommarens utflukter.

Merket: