SJÅ BILDA: Se bilda frå besøket hos 7A. (Klikk på bilda for å sjå i full skjerm). Foto: FRIDGEIR WALDERHAUG / spjelkavika.no


App om krigen

7A med spennande oppgåve.

 


byline friwal

PUBLISERT
21.oktober 2023



Spjelkavika.no

NYHENDE

SKULE

LEGO LEAGUE:

 
11. november går årets First Lego League av stabelen.

 

Feeling Blue

34 lag frå skular i vårt område førebere seg på automatikk, prosjektoppgåver og utforming av presentasjon.

Klasse 7A ved Spjelkavik er ein av dei.

-Vi har kalla oss "Feeling blue". Namnet har vi valt fordi vi har blåe skjorter, fortel Sigrid Elise Tønnesen, ein av dei fjorten elevane i klassen.

 

Vil ha sponsorar

-Vi er den minste klassen på skulen, fordi vi er ein nynorskklassse. No ønskjer vi oss sponsorar.
Men vi har litt få sponsorar i forhold til dei andre klassane med fleire elevar, seier Sigrid Elise, med eit håp om at nokon vil støtte dei.

-Sponsorane treng vi til mellom anna reisepengar med buss, særleg om vi blir ein av dei to beste og må til Mo i Rana. Så om nokon vil sponse oss, blir vi glade for det, seier ho.

(Saken fortsetter under bildet):

FEELING BLUE: Sigrid Elise er ein av elevane i klasse 7A ved Spjelkavik barneskule som skal delta i First Lego League 11.november. Forebuingane er godt i gang på skulen.
Foto: FRIDGEIR WALDERHAUG / Spjelkavika.no

Programmering

Sigrid Elise er ein av dei som programmerer ein Lego-bil som skal utføre ulike oppgåver. Noko som slett ikkje er ei enkel oppgåve, for her dreier det seg om presisjon for å få bilen til å gjere alle oppgåvene rett.

 -Den skal løfte opp her, dytte denne, før den køyrer vidare og velter denne, fortel ho og peiker.

Klassen skal lage ei oppgåve som handlar om kunst og kultur. Tre gutar jobbar med å setje saman eit fly i Lego, og nokon ligg på alle fire og maler på standen dei skal bruke til presentasjonen.

App om krigen

Klassen har også fått ein god idé til eit svært smart og ambisiøst prosjekt.

-Vi skal lage ein app folk kan ha på mobilen, der temaet er 2. verdskrigen, forklarer Olivia Nogva og Olivia Vik.

-I appen skal ein kunne sjå korleis det var under krigen i Ålesund når ein kjem til ulike stader. Litt slik som Pokémon Go, fortel den eine Olivia.

 

Savnar krigsinfo

 -Meninga er at ein skal få ei melding på telefonen når ein kjem til stader der ting hende, som til dømes ved bunkersane eller stader der det vart bomba. Vi skal legge inn bilete og filmar saman med informasjon som ein då får på telefonen.

-Korleis kom de på den flotte ideen?

-Den kom fordi vi opplevde å finne lite stoff om krigen i Ålesund. No skal vi prøve å få hjelp av ekspertar på krigen i Ålesund. Samstundes må vi ha hjelp til å lage sjølve appen teknisk. Informasjonen legg vi inn, fortel dei to.

-Rekk de alt til 11. november?

-Ja, vi skal nok kome i mål, sjølv om me også skal skrive tre rapportar og ha fokus på kjerneverdiar, seier dei.

7A er i full gong. Det er også dei andre klassane på skulen, der kreativiteten flommar. No kryssar vi fingrane for at det melder seg nokre sponsorar. Tenk om klasse 7A vinn og må til Mo i Rana?